Hey Honey

Vi anbefaler å snu mobilen horisontalt når du leser dette diktet.

Hey Honey, you should get a lover

seier den sjukeleg overvektige sannsjåerska

som kallar seg ei kvit heks

over ei elendig Skype-linje frå Australia

Og eg er langt frå ueinig, langt frå

ulyttande, tenker, ho har nok rett

har trass alt betalt langt meir

enn nokon bør få vite

for dette møtet, denne lesinga

av meg sjølv

Som alltid hatt sansen for tolking, mitt einaste

sanne talent, seier eg (ikkje)

til Heksa Kvit

som bur ved eit blått fjell

og durar på med sitt: Ein elskar, ja, klart

kven vil ikkje ha ein kropp

å kvile sorgene sine i

Men mine er for mange og diffuse

min avsmak og mitt sinne

for stort, seier eg til heksa

som no har frose fast

medan ho sit framfor alteret sitt

og held i ein svart stein

Honey, you should listen to your heart

sa ho før biletet stivna

Oh, really? It doesn´t speak my tongue

sa eg (ikkje)

For mitt kan ho kan få billeg

det er berre av kjøt

og andre klisjear: Sjekk det ut, ein liten hjarterapport

eg vart glad då eg nyleg las ein stad

at ein får fysisk vondt 

av hjartesorg, i nettopp, ja, det gode gamle hjarta

Så kanskje har mitt berre 

vorte for lite

gått for lågt ned

lagt seg til for mange uvanar

akkurat som meg

Som alltid må skrive om det, kjøt eller lyst

eller reinspikka, pumpande

overleving? Sjå då, sjekk ut:

Hey honey! Hjarta mitt

er svakt og lengtande

laust og elendig 

går i terapi

kvar bidige veke

for å lære seg å seie Nei

(det burde stått Ja)

For å lære seg å såre

for å slutte å beskytte

bittesmå, mannlege ego

som det støter på overalt

(det burde stå: likar å omgje seg med, 

får det til å kjenne seg

større

betre

sterkare)

Men endar opp med å seie til teraputen

at han er skikkelig flink

og har heilt rett

Hjarta mitt har pissa seg ut

gjennom kjeledressen

og tør ikkje seie frå

Hjarta mitt

har opparbeida seg enorme mengde

meiningslaus kompetanse

på korleis alt ikkje bør gjerast

(insisterer på å gjera det nettopp slik)

Hjarta mitt

er det rælet du finn 

på nederste hylle ved kassen

(som er veldig dårlig nytt for alle blodkara inn mot nettopp, ja, hjarta)

Hjarta mitt er som ein døgnopen Seven-Eleven

etter stengetid på uteplassen Formerly Known as Garage

Har alltid ope

alltid plass til ein til

hos det er det alltid lett 

for ein eller annan kleptoman idiot

å forville seg inn

Umogleg å finne vegen ut

utan å ha med seg altfor mykje

av noko ein absolutt ikkje treng

Så eg takkar høfleg

og loggar av

med ein spådom 

om at eg ein dag skal møte

ein skalla mann

Som ho ser sitje i ein sofa

og lytte til meg, henført

som eit lite ønske

eg ikkje ante var mitt: Sjå, Heksa har gitt meg

ein skalla elskar

eg alt kjenner

at eg ikkje vil ha

Med mindre det er for å øve

på å avvise

Hey Honey, you should take good care

of yourself, let the happiness

you deserve 

flow straight into you