Hei, Endre! Vil du ikkje fyrst fortelje litt om boka di, Blø meg sakte ut?
Boka handlar om å ikkje ha kontakt med livet sitt. Om å ikkje ha kjensler sjølv, men å måtta reagera på kjensler ifrå andre. Rammeforteljinga er at eg-personen tapar far sin, og i etterkant vert mora oppslukt i sorga. Eg har prøvd å utforska etterdønningane av dette på ulike måtar.
Korleis har prosessen med å skrive boka vore?
Prosessen var lang, for eg var litt av-og-på med å faktisk skriva. Eg var ikkje sikker på kva eg ville med teksten, eller kva eg burde gjera for å oppnå det, svært lenge. Det er òg ei bok som har vore tung å skriva, då det er mange tunge kjensler i ho. Men det siste året med skriving var svært produktivt og gjevande, for då hadde eg ein plan, og ein god redaktør i Runa Kvalsund som kunne peika meg i ei retning som fungerte.
Byen Bergen sterkt til stades i samlingen din, som eit bakteppe til eg-ets opplevingar. Kvifor trur du at Bergen blei så til stades i dikta dine?
Det har nok mykje med at eg budde i Bergen då eg først tok til å skriva dikta som til slutt utvikla seg til samlinga. Byen vart eit bakteppe som eg kunne hekta situasjonen og folka på, sånn at det ikkje kjendest som at alle flaut i eit tomrom. Eg fann det òg enklare å sjå bileta i hovudet når eg til dømes kunne sjå biletet av Bergen frå Fløitoppen om natta, eller tenkja meg gjennom stega eg hadde tatt over Møllendal gravplass. Det fungerte betre for meg i den situasjonen.
I mi lesning blei eg fascinert av morsfiguren i dikta dine, som til og med blir benevnt med ein stor bokstav, ho blir Mor. I eit bokår fylt opp med mødre, kva interesserer deg med Mor?
Eg trur gjerne det som interesserte meg i å skriva om Mor var mi eiga mor. Det er svært få likskapar mellom dei to, men det er éin ting som knyt dei saman, og det er at dei har stor kapasitet til å sørgja. Eg tenkte det var noko der som ville vera interessant å utforska, ved å setja ho opp mot eit eg som ikkje klarar å kjenna sorga på den same måten, som av ulike grunnar er stengd ute frå den kjensla.
Korleis har det vore å debutere i år?
Eg var heldig nok til å debutera før pandemien kom til landet, heilt tilbake i januar, so eg hadde ei god – og eg trur nokso normal – oppleving av det. Sleppfesten var svært fin og eg har fått to positive meldingar i etterkant, so eg har ingen ting å klaga på.
Vil du trekkje fram eit dikt fra boka din og fortelje litt om diktet og prosessen med å skrive det?
Då kan eg nemna det første diktet:
her i kyrkja
står Mor med tårer i hendene
vrir dei, knar dei, held fast i dei
her renn tårene ned på golvet
augo som har smelta og runne ut nasen
dei flyt utover som ei vollgrav mot kista
og det hjelper ikkje med blomar
ikkje med ord
ikkje for Mor
og tårene samlar seg i ein pøl rundt føtene hennar
og kista mobbar alt det svarte med sin kvitskap
og tårene etsar hòl gjennom teppe og tre
og Mor søkk ned i golvet, ned i jorda, ned
Diktet handlar tydeleg om sorg, og meininga med det er å tydeleggjera tematikken heilt frå starten av. Mora kjenner på ei grenselaus sorg, som eg-et ikkje kan hjelpa på, og som set ein stengsel mellom dei. Tårebiletet går gjennom frå start til slutt og forandrar seg frå noko handgripeleg og vernande, til noko fælsleg og øydeleggjande. Dette var eit dikt eg skreiv ganske fort, då eg hadde ein plan i hovudet før eg sette meg ned. Eg likar best å skriva når eg har ein plan, når eg allereie har forma ein tydeleg tanke om kva eg skal gjera. I dette tilfellet hjalp det meg å finna fram til bileta og ideane eg ville bruka, sjølv om eg ikkje visste at eg til dømes kom til å skriva at tårene skulle etsa hòl i golvet. Men eg visste godt kva kjensler eg ville få fram, og eg hadde opninga ferdig formulert frå før. Eg tenkte mykje i setningar her, i enkelte brotstykke som eg til slutt limte saman til heilskapen dei står i no.