Litt om Emily Dickinson

Vi anbefaler å snu mobilen horisontalt når du leser dette diktet.

 

Eg skreiv ein gong eit kort brev til ho som eg ikkje sende

Eg tenkte at det å sende det var ei handling eg ikkje kunne endre

Eg tenkte det fanst ei form for slektskap mellom oss noko som hadde
med bier og blyantar å gjere og eg visste at ei sending til ein død person
kunne vere meir bindande enn brev til ein levande

Kanskje det var den kvasse og på same tid vare stilen i dikta hennar som
fekk meg inn på slike dumme tankar

Stundom var det som stemninga tende ei lengt i meg etter noko eg ikkje
visste eg sakna

Berre namnet Emily Dickinson fekk meg til å ville dra til ein stad i
Massachusetts eg aldri hadde vore i nærleiken av

Visst likte eg dikta hennar trass i at eg ikkje kunne forstå dei

Eg konstaterte kombinasjonen av flyt og friksjon at ho spela på visse
kontrastar

Ho verka fri i uttrykket og likevel kunne dikta verke både stødige og
strame

Nærast som ho i ordlege kast ladde vokalar og konsonantar slik at
innhaldet fekk ei viss vekt

Eg opplevde dikta ofte som leikande og ho såg ut til å like det tvitydige
Ho steig unna det bastante medan ein underliggjande ironi ofte vart
inkludert

Lenge las eg dikta hennar frå ei pocketutgåve redigert av Thomas H
Johnson The Complete Poems

Men då eg langt seinare kom over ein faksimile som viste fotografi av
handskrivne originalar skjøna eg kor mange detaljar som hadde vorte
endra etter at ho var død

Som vi veit kan ein detalj vere om ikkje alt i eit dikt så i det minste svært
viktig

Ho hadde skreve ofte med ukvesste blyantar på innsida av brukte
konvoluttar noko som gjorde at linjedeling og rytme var sterkt påverka av
papiret sine ytre grenser

Det var slik eg lærte meg å lese ho på nytt linje for linje frå samlingane
Emily hadde knytt saman med tunn hamp og gøymt unna men som
systera Livinia fann etter at ho var død

Mange av desse handskrivne dikta synte meg korleis dikting er eit
handverk fullt av alternativ og då eg såg dei fotograferte breva var det som
noko livna opp i meg som om eg kom nærmare avsendaren

Og i ei naiv kjensle av at liva våre gjekk føre seg på same tid sette eg meg
ned for å svare