Linjer

Vi anbefaler å snu mobilen horisontalt når du leser dette diktet.

6.10.20 nr. 2

fjorden ligg blåkvit bak den nakne krona på
eika ved strandkanten, vinden susar i
buskene, ein fjern traktordur blir borte

to jenter syklar i halvmørke mellom gatelys,
hestehalen til den eine vippar i vind

lys skin gjennom lauv ved kyrkja

12.10.20

solskin lyser opp oransje lauv, ein fugl med
kvit glans i vengjene flyg mot eit epletre, ei
kvit transparent hinne glir langs fjordkanten

sag warum, vår vesle glade kistemakar, fine
boksar for fine ting som ikkje kjem tilbake

ei skjor flyg over ei bjørk i sol til ein skugge

20.10.20, nr. 2

eit svakt lys skin frå dalen på andre sida av
fjorden, ein person med hund går langs
vegen, dropar av smelta snø dryp frå taket

Jan Erik Vold noterer seg «alle furuene i
berget, gamle gode berget»

ein bil fer oppover i mørkeret langs fjellsida


3.11.20

raudleg skin på skyer over fjellkanten på hi
fjordside, refleksjon av lyset mellom kvite og
mørkegrøne krusningar i fjorden, ei kråke skvatrar

Mimi Gross hevdar at Rembrandts jødiske venner gav
maleria hans ein varm jødisk tekstur

skin i 4 våte oransje blad på kaipåle

16.12.20

skyer glir langsamt mot vest på blå himmel,
whiteout mot skyer under kvite snøtoppar,
dump banking av hammarslag i bakgrunnen

vi ser oss sjølve bevege oss vidare, ser
stega vi tek, at vi ikkje vender attende

små bølgingar på himmelspegling i svartstille

22.1.21

refleksjon av fjell skravert av krusningar i fjord;
grønskjer over skog og himmel, tre og krusningar
horisontalt og vertikalt mot land

Creeley hevdar alt er vatn om du ser lenge nok,
Carpenters “every sha-la-la-la still shines”

glitrande linjer inn mot land

25.1.21

snødekka solbelyste vidder bak tåke på fjell,
silhuett av person gåande nedover veg i det fjerne,
fuglar kvitrar kvirre kvirre vitt i bakgrunnen

Richard Phillips minnest eit bilete av Lindsay Lohan
i retten, tenkte «det såg ut som eit Munch-maleri»

svak dur av traktor eller maskiner i det fjerne