Utdrag: Eg kan ikkje skrive dikt

Vi anbefaler å snu mobilen horisontalt når du leser dette diktet.


eg gjekk på vidaregåande og las dikt skrive

av markus midré, aleksander melli og kjersti bronken senderud

av steinar opstad, øyvind berg og tone hødnebø

av pedro carmona-alvarez, mona høvring og ingvild burkey

av gro dahle, aasne linnestå og hildegunn dale

av 90-talet sin sterke poetiske generasjon

eg las antologien tyven frå brügge

redigert av øyvind berg

utgitt på kolon forlag

det som kanskje før var

norges viktigaste poesiforlag

eg las antologien om og om igjen

kor fleire av desse nemnde poetane

var blant dei utvalde

eg gjekk på vidaregåande og drøymde om å bli poet

aleksander melli var berre 18 år då han debuterte

med en tidlig morgen (1990)

men eg las gagarins øyne (1994)

hans tredje bok på fire år

 

Et tyvetalls blader skyter opp fra et tre.

Jeg er kommet tusenvis av år for sent

til å finne opp noen varig historie om vinden

men jeg ser for meg en kjempe

som suger luften til seg.

Spytter den ikke ut, la det

være klart – bare sult

kunne skille de rakettene fra treet.

Og ekornet arbeider raskere enn igår

i den første høsten jeg kjemper for å huske

ikkje forstod eg kvifor tittelen

hadde namnet til den første

astronauten som svede oppe i verdsrommet

det var mystisk

poesien framstod som ein gåte

og norske samtidspoetar på 90-talet

svevde på den lyriske stjernehimmelen

for ein ung forfattaraspirant som meg

(For å lese hele teksten, kan du kjøpe Blekk: Poesi i villniset hos Tekstallmenningen her