Vi anbefaler å snu mobilen horisontalt når du leser dette diktet.
Poet like this
til CAConrad
slik eg hugsar det sit vi på trebenken ved Ringvebukta
då CA seier: POET is a verb her løfter hen handa si mot fjorden
so when I say POET like this… og vinkar med handa
og dagen før hadde Julian forklart at å rime er ein måte å lyge på
og eg hadde skrive eit dikt som forkledde løgna si
med rim eg hadde vendt tilbake til poesien etter nokre år som prosaist
og fråtsa i slike tankar det heile begynte å henge saman: kva som helst
kan vere ein legitim poetisk modus, sjå for deg: ein blikkboks gløymt i regnet
hakka på av ei kråke grine på av Gud sparka ned gata av ein
15 år gammal gut med retningslaust tristheit
dette trekløveret poetar kan ha gitt
blikkboksen si avskala ingrediensliste
eit dikt som grip gjennom tida og trøyster Sapfo
for diktet er ikkje avhengig av poetens intensjon
eller poesiens etablerte ytre formar eller diktets historisk kontekst for å finnast som dikt
poeten kan like gjerne fristille seg frå desse (bruke litt som det passar seg)
diktet veks ikkje ut frå tradisjon eller intensjon men møtet mellom
poetens språk og teknikk og augeblikket som flaumar i kroppen og seier:
skriv meg ut og finn meg ut mens du gjer det
nokre dagar før vi satt på benken var eg med CA i Lillehammer
vi hadde gått opp langs Mesna og Conrad og Gunnar hausta krystallar
frå eit lite vatn eg hugsar ikkje om eg var akkurat der eller like ved
saman med Ariana, Julian og Sofia men eg hugsar at Conrad heldt fram
krystallen i handflata seinare blei steinen brukt som sentrum i eit av Conrads
crystal grids som er eit kollektivt ritual: publikum står rundt krystallar
lagt i eit mønster og energien frå menneska i rommet ladar krystallen i midten
til seinare bruk
Vil du lese diktet videre? Du kan kjøpe blekken hos Tekstallmenningen her