eg kan ikkje skrive dikt

Vi anbefaler å snu mobilen horisontalt når du leser dette diktet.

eg gjekk på vidaregåande og las dikt skrive

av markus midré, aleksander melli og kjersti bronken senderud

av steinar opstad, øyvind berg og tone hødnebø

av pedro carmona-alvarez, mona høvring og ingvild burkey

av gro dahle, aasne linnestå og hildegunn dale

av 90-talet sin sterke poetiske generasjon

eg las antologien tyven frå brügge

redigert av øyvind berg

utgitt på kolon forlag

det som kanskje før var

norges viktigaste poesiforlag

eg las antologien om og om igjen

kor fleire av desse nemnde poetane

var blant dei utvalde

eg gjekk på vidaregåande og drøymde om å bli poet

 

aleksander melli var berre 18 år då han debuterte

med en tidlig morgen (1990)

men eg las gagarins øyne (1994)

hans tredje bok på fire år

 

Et tyvetalls blader skyter opp fra et tre.

Jeg er kommet tusenvis av år for sent

til å finne opp noen varig historie om vinden

men jeg ser for meg en kjempe

som suger luften til seg.

Spytter den ikke ut, la det

være klart – bare sult

kunne skille de rakettene fra treet.

Og ekornet arbeider raskere enn igår

i den første høsten jeg kjemper for å huske

 

ikkje forstod eg kvifor tittelen

hadde namnet til den første

astronauten som svede oppe i verdsrommet

det var mystisk

poesien framstod som ein gåte

og norske samtidspoetar på 90-talet

svevde på den lyriske stjernehimmelen

for ein ung forfattaraspirant som meg

 

markus midré var berre 20 år då han debuterte

med teori om tusen skygger

med formuleringar eg aldri hadde lese før

som slo til alle kantar

 

du overvinner øyelokkenes tyngde og ser deg selv

sitte midt i rommet, ved bordet, kan knapt kalles en

seier, du selvutsletter, du er tolv eller nitten,

eksisterer glimtvis i lysskjær og matos, hendene i

bevegelse er hendelser. du tenner et lys, du plukker en

oliven, du løfter et glass. du evakuerer selskapets munn,

legger strekninger bak deg, hvem fullfører dette, du

gjør forvirringen total. du blir yngre for hver time, eldre:

ting du ikke kjenner, ting du aldri forstår.

du er så tung, så fjern, og først når du døser av

plasserer du deg midt i, distanseløst, verden er åpenbar

(tiden norsk forlag, 1995)

 

det virka ukontrollert og kontrollert på same tid

heseblesande og intenst og ungt

eg blei fascinert over korleis ord kunne setjast saman

korleis litterære bilete kunne stå etter kvarandre

eg blei dratt inn i dikta

utan at eg heilt skjønte kva dikta handla om

det var mykje eg ikkje skjønte

men eg forstod at dette var noko

som eg ville prøve å få til

å skape denne undringa

nesten som å trylle med ord

det er banalt

men for ein 17-åring

var det nettopp slik det blei opplevd

å trylle

for meg var poesi noko gåtefullt og magisk

og eg ville trylle sjølv

 

fordi dei fleste av mine lyriske førebileta skreiv på bokmål

skreiv eg også på bokmål

på hybelen min på vidaregående sat eg og prøvde å trylle

prøvde å vere ein ordmagikar

eg skreiv dikt som visuelt såg ut som dikt

eg skreiv dikt med formuleringar som høyrdest fine ut

eg skreiv det eg trudde var dikt

eg printa dei ut

40 papirark samla i fem bunker

eg sjekka telefonkatalogen og fann adressene til fem ulike forlag

eg gjekk på posthuset og sende manusa inn

nokre dagar seinare

fekk eg små konvoluttar tilbake

kvittering på at manus var motteke

og opplysning om at det kunne gå tre til åtte veker før eg fekk svar

eg talde ned vekene

og etter tre veker byrja eg å sjekka postkassen forventningsfull

dag etter dag

så dumpa det første manuset ned i postkassen

takk for at vi fikk lese manuset ditt som vi nå har vurdert

vi kan dessverre ikke inngå et videre samarbeid slik manuset er nå

lykke til videre

avslaget skapte ei undring hos meg

fekk eg ikkje ei grunngjeving?

så kom det nye manus

nye refusjonar

korte refusjonsbrev

med dei same formuleringane

men så dukka det opp eit lengre fråsegn

frå torleiv grue i kolon forlag

og eit langt brev 

frå aleksander melli i cappelen forlag

som hadde eit vikariat som redaktør

dei såg noko

dei skapte håp

tenkt at melli likte det eg skreiv

 

så eg skreiv om

sletta dikt

skreiv nye dikt

prøvde å få fram magien

sendte inn på nytt

til alle dei same forlaga

torleiv grue i kolon svara tolmodig igjen

skreiv at eg hadde talent

men at eg nok måtte bruke nokre år på å utvikle meg

eg hugsar ikkje kva cappelen svara denne gongen

for aleksander melli hadde slutta som vikar 

men aschehoug skreiv

at eg gjerne måtte vente to-tre år

før eg sende inn neste gong

 

etter kvart kraup eg ut av hybelen i sogn og fjordane og flytta til bergen

for å ha sivilteneste på ein ungdomsskule i åsane

eg sat på den vesle leiligheita i wesenbergsmauet og skreiv

og ein dag såg eg ei utlysning i bergens tidende

om samlaget sitt manusseminar

men eg hadde aldri skrive skjønnlitterært på nynorsk

korleis skulle eg gjere det?

eg byrja skrive dikt på nynorsk

som vaks

og blei til små scener

korte forteljingar

dei hang saman

eg skreiv 20 sider

som var kravet for å bli vurdert til seminaret

eg sende inn manuset

blei oppringt av ein redaktør

som seinare viste seg å vere redaktøren til jon fosse

blei invitert med på manusseminaret på bristol hotell i hovudstaden

møtte ragnar hovland og brit bildøen 

etterpå middag med forlaget på theatercafeen

eg var 19 år og hadde aldri flydd aleine før

og eitt år etterpå blei manuset antatt

debutromanen eg kom for å elske

 

etter dette har eg fleire gonger forsøkt å skrive dikt

begynt på manus etter manus

men blitt refusert

og etter kvart

refusert meg sjølv

og etter kvart

slutta å bruke tid på å forsøke å få det til

men heller brukt skrivetida til romaner

fordi det har vore enklare for meg

å skrive forteljingar

utan å måtte skriv tett og konsentrert

men heller la det flyte

eg samanlikna meg med mine førebilete 

gro dahle

skreiv så absurd og leikent om 

pavar, hundar, apar, lundefuglar

mødre og døtre

 

Linnea deler seg opp i biter

Gråter bitvis under bordet

under stolen

under trappen

i kommoden

 

Når morgen går i døren

samler hun bitene

skjuler skjøtene

 

Fletter håret

idet moren går gjennom henne 

i tre steg

 

(Linne-pasjonen, Cappelen forlag, 1992)

 

korleis skulle eg klare å skrive noko slikt?

tenkte eg

 

for eg veit ikkje korleis eg skriv poesi

eg veit ikkje korleis eit dikt blir til

 

*

 

i 2012 reiste eg til sør-korea for første gong

eg besøkte adopsjonsbyrået holt 

eg besøkte togstasjonen kor eg blei funnen

eg besøkte barneheimen eg budde den første tida

eg gjekk rundt i gatene i sør-korea og likna plutseleg alle andre

for første gong i livet var eg ikkje annleis

eg kunne sitte på t-banen og ikkje skille meg ut

vere ein i mengden

og det kom nye tekstar til meg

tekstar som berre vaks fram 

med valdsam kraft

og dei såg ut som dikt

eg sende dei til forlaget mitt

etter nokre veker

fekk eg tilbakemelding

konsulenten meinte det var knekkprosa

 

eg tenkte:

eg kan ikkje skrive dikt

eg kan framleis ikkje skrive dikt

 

difor heldt eg fram med å skrive prosa

i nesten 20 år

 

så blei kinesisk-adopterte johanne ihle-hansen drepen 

av sin eigen stebror i 2019

så kom korona-pandemien i starten av 2020

og eg opplevde at alle blei ekstra redde for meg

fordi viruset starta i kina

 

og nok ein gong kom det nye dikt til meg

tekstar som berre vaks fram

med valdsam kraft

og dei såg ut som dikt

men denne gongen sende eg dei ikkje til forlaget mitt

eg trudde det ikkje var dikt

dette var ikkje dikt som eg las på vidaregåande

dette var ikkje dikt som eg prøvde å skrive då eg var ung

dette var jo knekkprosa

dette var forteljande tekstar med aktiv linjeskift

dette var enkle tekstar

som alle kunne forstå

 

men skal alle kunne forstå dikt?

skal dikt vere for alle?

skal ikkje dikt vere konsentrerte språklege bilete

som får deg til å grunne og tenkje og fundere og filosofere?

skal ikkje dikt vere vanskelege?

 

eg skreiv dei første 15-20 dikta til kvit, norsk mann

i starten av 2020

men torde ikkje å vise dei til nokon

eg lagra dei på harddisken

tok dei fram av og til

flikka på dei

eg prøvde å skrive om til prosa

til noveller og til romanform og til dramatikk

men tekstane ville ikkje endre seg

dei ville ikkje flytte på seg 

dei ville vere slik dei kom aller første gong

som tekstar i diktform

eg mista noko når eg prøvde å skrive dei ut

mista ein kraft

mista ein flyt, ein rytme

eg mista moglegheita til å la innhaldet få tre fram

utan å måtte pakke det inn i mange ord

 

men det var ikkje bra nok, var det?

 

først halvtanna år etter at eg hadde skrive dei første dikta

torde eg å vise dei til nokon

eg blei spurt av syn og segn

om eg ville bidra med ein tekst om rasisme

  1. desember 2021 stod dei første dikta på trykk på nettstaden til tidsskriftet

nokre dagar etter ringte forlaget mitt 

og sa at dette måtte bli bok

eg måtte skrive meir

og eg skreiv meir 

eg har aldri skrive så fort før

med så valdsam kraft

og eg henta tilbake dikta frå 2012

som blei refuserte som knekkprosa

og tok med fleire av dei i kvit, norsk mann

og frå januar 2022 til mai 2022

hadde eg skrive og redigert ferdig boka

 

*

 

eg veit ikkje korleis eg skriv dikt

eg veit ikkje korleis eit dikt blir til

men då eg for første gong skulle skrive om meg sjølv

dei mest ærlege og personlege tekstane eg nokon gong har skrive

kom det tekstar i diktform til meg

og sjølv om kvit, norsk mann fekk kritikarprisen 

har eg framleis venta på å bli avslørt

at nokon skal sei

at eg ikkje kan skrive dikt

at dette er ikkje dikt

men i motsetnad til norske statsråder

som ikkje innrømmer juks

står eg fram

og innrømmer

at eg ikkje veit kva eg driv på med

 

såleis er heller ikkje dette eit dikt

men ein lang, forteljande tekst

med aktiv linjeskift

det er berre slik eg skriv

når eg prøver å skrive noko som liknar på dikt



Eg kan ikkje skrive dikt er ein tekst som først blei publisert i Blekk: Poesi i villniset, ein risoprinta trykksak gitt ut i forbindelse med Blekk-arrangementet i Bergen i juni 2024. Blekk: Poesi i villniset er heilt utsolgt, men Blekk kjem tilbake med ein ny trykksak i september 2025.